Det er trist men slik er det altså – kvotejakta på den sterkt trua gaupa er i gang igjen. 82 gauper av dei cirka 393 gaupene som var status før kvotejakta i 2020 skal skytast. Det er ein stor prosentandel – om lag 21% - av ein utrydningstrua art. Forstå det den som kan. I region 6 som Fosen høyrer til har Rovviltnemnda vedtatt ein kvote på 30 gauper (derav maksimalt 10 voksne hodyr). Kvoten på Fosen er sett til 3 dyr. Dette er ei stor auke i forhold til kvota i fjor som var på 25 gauper (derav maksimalt 9 voksne hodyr).
Foto: Malene Ulveseth Solland |
miljødepartementet legg i si avgjering vekt på at gaupebestanden for første gang på åtte år er over det nasjonale målet på 65 årlige ynglinger og at talet på ynglinger i region 6 dei siste åra har lagt over bestandsmålet på 12 årlige ynglinger. Etter at gaupebestanden har lagt under bestandsmålet sju år på rad har me no 66,5 familiegrupper av gaupe i Norge. Bestandsmålet er 65 familiegrupper. Men når bestanden har gått opp i Norge har den gått ned i Sverige. I 2020 er det estimert at det var 256 familiegrupper i Skandinavia, med 189,5 i Sverige og 66,5 i Norge. Det gjev faktisk ein nedgang på ei familiegruppe sammenlignet med 2019. Så samla sett står det dårligere til med gaupebestanden. Men det har dessverre ikkje klima- og miljødepartementet ta omsyn til. Det er som kjent ingen grensekontroll for gauper slik som det er for oss mennesker i desse koronatider.
Ellers i klagen vår uttrykte me vår bekymring for gaupa sin
genetikk. Det er som kjent Stortinget sitt rovviltforlik frå 2011 som
bestemmer kor mange rovdyr me skal ha i norsk natur og Norge skal etter dette
vedtaket ha 65 ynglingar kvart år. Med så få ynglingar per år kjem ikkje desse artane til å få levedyktige
og genetisk sunne bestander i Norge. Ein generell regel for at bestander skal vere
genetisk levedyktige og unngå langsiktige problem med innavl og tap av genetisk
materiale er at dei må bestå av 500 individ. Dette kan du lese meir om hos Sabima.
I Anne Sverdrup-Thygeson si bok “På naturens skuldre” (side 128-132) står det at Naturpanelet er klar på at det å ta vare på intakte økosystem og deira tilhøyrande biologiske mangfold, vil redusere omfanget av infeksjonssjukdom. Og at i eit intakt økosystem kan dei store rovdyra fungere som ein slags buffere mot sykdomsspreiing fordi dei “tynner ut” forekomsten av smitte. Noko av det same skriv Tor Punsvik(Viltbiolog og villreinkjenner) i ein kronikk i Nationen. Der skriv han om kvifor villreinen på Hardangervidda treng jerv. Han sei mellom anna at rovviltet si viktige økologiske rolle har vært underkjent, og særleg deira viktige rolle som helsearbeidere overfor byttedyra sine.
I Mattilsynetsi oppsummering av beitesesongen for 2019 finn me følgjande tal:
Her ser me at det kun er ein mindre del av tap av sau/lam på beite der rovdyr har skylda. Det er aukande andel dyr som vert ramma av forskjellige flåttbårne sykdommer (t.d. sjodogg på grunn av overført anaplasma), alveeld (antagelig pga opptak av blågrønnalger i biofilm på planter som rome og i drikkevann), mage- tarmsnyltarar, betennelser i jur og andre organer, fluemark, rødrev, forgiftninger frå mange sorter planter og sopp, ulike typer ulykker mv. Det er i tillegg mykje som tyder på utstrakt resistens mot snyltermidler og feil bruk av snyltermidler.
Tap til rovdyr utgjer relativt lite i forhold til ulike typer sjukdommar og ulykker. Av de ca. 74 000 sau og lam som omkom på beite (av ca. 1,5 mill dyr som var sleppt) er det rekna ut at for 2019 skyldes 23,6 % rovdyr. Hele 76,4 % skyldes andre årsaker. Tapet av sau og lam til rovdyr utgjer berre 1,2% av det totale talet dyr sleppt på beite.
Det er vedtatt ei kvote på 3 dyr for Fosen. Før jakta starta i 2021 var det ikkje felt gaupe på Fosen de siste åra men det ser ut som ei er felt no i Åfjord den 05.02.2021. Dette ifølge www.rovbase.no. Men me kan ikkje sjå at gaupa er eit markant problem på Fosen.
Ein for liten gaupebestand vil føre til mange hjortedyr med påfølgende auke i flåttbårne sjukdommer hos mennesker og beitedyr. Og aukande hjortedyrbestand fører i tillegg til fleire trafikkulykker. Rovviltkontakt for Ørland og Bjugn uttalte i 2019 til Fosna-Folket i forbindelse med starten av kvotejakta at det ikkje hadde skada å ha ei gaupe eller to på grunn av de mange rådyrpåkjørslene. Han uttalte samtidig at kvotene på Fosen har vore ganske romslige.
Fosen treng ikkje ei kvote på 3 dyr. Resultat her blir berre at kvoten vert overført til andre delområder etter 1. mars.
Men som sagt me fekk ikkje medhold i klagen vår i år på tross av mange gode argument. Dette er ikkje godt nytt for dei få gaupene me har igjen i landet.
Det er jo rett og slett ganske flautt dette, å skyte 21% av ein utrydningstrua art.