lørdag 23. november 2019

Klage på gaupekvoter for kvotejakt vinteren 2020

Staut gaupe på Langedrag vinteren 2019
Foto: Malene Ulveseth Solland

I oktober vedtok rovviltnemnda i region 6 kvoter for kvotejakt på gaupe vinteren 2020. For vinteren 2020 har dei vedtatt å sette totalkvoten for 2020 for områda som vert omfatta av kvotejakt til 30 gauper, derav maksimalt 11 voksne hodyr. Vinteren 2019 var totalkvoten 25 og maksimalt 9 hodyr. Dette vil altså sei markert høgare kvoter for kommande vinter. I tillegg opna dei for kvotefri jakt i heile Møre og Romsdal utanfor forvaltningsområdet, samt i kommunane Oppdal og Røros i Trøndelag.

Nedgang i gaupebestanden og sjuande året på rad under det nasjonale bestandsmålet
Ifølge Rovdata det 323 gauper i landet før kvotejakta i 2019 og før nye unger vart født. Det same talet året før var ca. 340. Dette er ein nedgang på 5 %. Gaupebestanden ligg for sjuande året på rad under det nasjonale bestandsmålet. I vinter er det estimert at det var 55 familiegrupper av gaupe i landet, noko som er ein nedgang på 2,5 familiegrupper frå i fjor.
                
Rapporten “Bestandsovervåking avgaupe i 2019 “ viser oss at nedgangen gjeld óg når ein ser heile Skandinavia under eitt (i praksis inkluderer dette Norge og Sverige). I 2019 er det estimert 257 familiegrupper av gaupe i Skandinavia. Dette er ein nedgang på 5 familiegruppe samanlikna med 2018. Av disse vart 55 familiegrupper registrert i Norge og 202 familiegrupper registrert i Sverige. Totalt har me ein bestand på 1512 gauper i Skandinavia. Me har altså ein nedgang på 2,5 familiegrupper både i Norge og Sverige.

Uttaket av gauper frå bestanden i Norge vinteren 2018/2019 var på 61 individer der 23 var voksne hogauper. Dette tilsvarer ca. 19 % av bestanden. Siden oktober 2018 er det registrert avgang av 26 gauper i region 6 der 10 var voksne hodyr. Når me veit at gaupa er definert som sterkt truet på Norsk Rødliste 2015 er dette skremmande tall.


Konklusjonen i vår klage i år er:

  • Det maksimale en kan ta ut for å holde bestanden på bestandsmålet er 16 gauper, derav 4 hunndyr.  
  • Ingen kvotefri jakt.
  • I hunndyrkvoten inngår hunndyr i alle aldrer og regioner
  • Ingen reservekvote. Nytt vedtak her må eventuelt kunne påklages.
  • Ingen sammenslåing av delområder etter 1. mars da dette vil slå uheldig ut i forhold til å bevare det genetiske mangfold og levedyktighet. Eventuelt nytt vedtak må kunne påklages.
  • Vedtatt kvote for Fosen på 3 dyr må reduseres til 1 stk.


Så håpar me klaga vår vert tatt til følge.         



Vindkraft på Fosen

Skjerlona og Lonen i bakgrunnen - slik det en gang var før utbygginga   (Foto: Arne Reitan) Fosen Naturvernforening har i mange år kjempet f...