torsdag 2. juni 2016

Berg Berga!

Dersom det vert veg gjennom Berga, må nok fleire enn ugla flytte, og ikkje berre «dei gamle» i gravrøysene vert fortvila! Vert prosjektet gjennomført som planlagt, vil tunellen kome ut rett ovanfor gapahuken.
Illustrasjon: Judith Eknes
I desse dager vert arbeidet med reguleringsplan for veg tvers gjennom Berga på Stadsbygd sett i gang. Vert vegen bygd som den no er planlagt, vil tunellopninga bli liggjande midt i Berga, rett ovanfor gapahuken «Uteklasserommet Kystens Arv». Då vil det ikkje verte mykje igjen av det fine friluftsområdet me er så glad i, og motorduren vil dominere og ikkje fuglesangen og humlesumminga som i dag. Vil me verkeleg dette?

Det store naturmangfoldet i Berga, det rike dyre-, insekt- og plante-livet vil lide store, uerstattelige tap. Her er observert meir enn 170 fuglearter, og av dei står meir enn 30 på raudlista over trua dyrearter, og minst 10 av desse hekker i området. Det verste er at det ikkje er kartlagt kva som eventuelt finst av andre dyre- og plantearter. Her er mykje elg og rådyr, og faren for kollisjonar vil verte stor på ein ny veg gjennom dette området. Her kan det ikkje verte snakk om høge hastigheter. Mange bruker Berga for å oppleve dyr, fugler og planter. Her burde Rissa kommune sjå på heilheten i området – sjå på mulighetene området samla har med Rødberget marine verneområde, Museet Kystens arv, Leinslia naturreservat, gravhauger, gravrøyser og Berga. Ein legg ikkje noko av det finaste ein har under asfalt!

I Norge omdisponerte me i 2014 vel 5000 dekar med dyrkbar jord til andre formål. Dette skjer samtidig med at Norge er eit av dei land i verda som er mest avhengig av import av landbruksvarer. Vert dette utbyggingsprosjektet gjennomført, vil me tape mykje kornjord av beste kvalitet. Har me råd til det når det er rekna ut at det må produserast 60 prosent meir mat innan 2050 for å brødfø den aukande befolkninga i verda?  Vågar me stole på at andre vil gje oss den maten me treng i framtida, eller bør me ta ansvar sjølv?

Alle gode argument går sterkt i mot nedbygging av Berga. Naturmangfold, matjord, kulturminner og friluftsområde vil bli sterkt berørt dersom prosjektet vert gjennomført. Og prosjektet vert dyrt, truleg mykje dyrere enn anslått hittil. Dette er eit samfunnsøkonomisk ulønnsomt prosjekt - det er rett og slett sløsing med samfunnet sine ressurser. Dei «bratte stigningane» på dagens veg vert brukt som argument for raseringa av Berga. Korleis kan det argumenterast slik så lenge Skaret vert liggjande som i dag? I tillegg har ein utfordringane rundt Reinsklosteret. Vegen over Stadsbygd er ikkje høgast prioritert i transportplan Sør-Trøndelag 2014-23. Fv715 forbi Storvatnet vert omtalt som «den veistrekningen på og til Fosen som underbygger flest helhetlige løsninger for hele Fosenområdet» i transportplanen og er dermed høgast prioritert. I Sør-Trøndelag fylkeskommune sin «Veistrategi 2016-2030» er fokuset «Fornye framfor nye» der det vert sagt at oppgradering av eksisterende vegar bør prioritererast framfor bygging av nye. 

Stoppar ein prosjektet, vil samfunnet spare pengar, og ein vil berge naturmangfold, matjord, kulturminner og friluftsområde.

Berg Berga!

Vindkraft på Fosen

Skjerlona og Lonen i bakgrunnen - slik det en gang var før utbygginga   (Foto: Arne Reitan) Fosen Naturvernforening har i mange år kjempet f...