søndag 2. juni 2013

SABIMA på kartleggingstur til Berga på Stadsbygd




SABIMA (Samarbeidsrådet for biologisk mangfold) er ein miljøorganisasjon som jobbar for bevaring av biomangfold. SABIMA er ein paraplyorganisasjon for dei biologiske foreningene i Norge og har som formål er å spre biologisk kunnskap i politiske miljø og hos forvaltningsmyndigheter for å sikre god forvaltning av biomangfoldet.
Frå venstre:  Reidun Braathen,  Johan Rein,  Sissel Rübberdt, 
Ingerid Angell-Petersen, Even W. Hanssen og Jan Seland
 


Det heile starta med at SABIMA etterlyste eksempel på om korleis kommunene tar vare på eller øydelegg naturen – dei ville vite kvar kampen om areala stod rundt om kring i kommunane. Den største årsaka til at me mister arter raskare enn nokon gong før i menneskehistorien, er tap av natur – leveområda til artene.  I den forbindelse vart eksempelet om korleis Berga er trua av rasering p.g.a. den nye veitraséen Rissa kommune og Fosenvegene planlegg langs sjøen på Stadsbygd, sendt inn.
  

Lunch - frå venstre: Sissel Rübberdt, Reidun Braathen, Even W. Hanssen, Marthe Gjestland, 
Jan Seland,  Edel Humstad, Sigmund Sivertsen, Thyra Solem, Ingerid Angell-Petersen, 
Solfrid Langmo, Johan Rein, Arne Reitan og Ole Reitan

Rosa hegg vart funne ved Karterberget
og ovanfor Vemundstad
SABIMA syntes denne saka var interessant i biomangfold-sammenheng og kom med eit tilbud om ein kartleggingstur til området. Den 1.juni var dagen og me hadde oppmøte ved helleristningsfeltet ved Stykket. Værmeldingene var ikkje dei beste, men finværet var med oss gjennom heile dagen – perfekt vær!  Turen gjekk så, i grupper og samla til forskjellige deler av området. Karterberget (der ein eventuell vestre tunnellopning er skissert) vart besøkt. I tillegg gjekk ei gruppe i området ovanfor helleristningene på Stykket. Etter lunsj gjekk me i samla flokk ned på Slakken før ei gruppe avslutta dagen i området ovanfor Vemundstad. Det var mangt å finne og nokre eksemplar vart tatt med for  i ettertid å bestemme arten. Etterkvart vil funna bli registert på artsobservasjoner. I tillegg vil det bli laga eit notat frå kartleggingsturen. Litt sopp vart funne sjølv om det var tidleg, men det vart snakka om ny tur til hausten  - i den beste sopptida. 




Det var utruleg kjekt å sjå så flinke folk i arbeid! 
Tusen takk for at de tok turen og me håpar at dette arbeidet kan hjelpe oss å berge Berga.

Ann Kari Ulveseth


Ein knappenålslav: Ser ut som svarte
prikkar på den gamle
stamma ved
første augnekast

Sigmund Sivertsen

Thyra Solem

Nede på Slakken

Vindkraft på Fosen

Skjerlona og Lonen i bakgrunnen - slik det en gang var før utbygginga   (Foto: Arne Reitan) Fosen Naturvernforening har i mange år kjempet f...