onsdag 7. oktober 2020

Bygging i strandsona

Storspoven likar seg i fjærekanten

Regjeringa har hatt på høyring eit forslag til reviderte statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona der dei vil gjere det lettare å bygge i standssona enn det er i dag. Ifølge NRK blei 9 av 10 søknader om bygging i strandsona langs norskekysten godkjent i fjor. I meir enn halvparten av sakene ga kommunane utbyggarane dispensasjon frå lover og regler. Og ifølge ei undersøking utført for Norsk Friluftsliv er 7 av 10 imot meir utbygging i strandsona enn i dag.

Det internasjonale naturpanelets (IPBES) lanserte i 2019 verdas første globale rapport om naturen sin tilstand. Rapporten er dramatisk. Utbygging og oppstykking av naturarealer er hovedårsak til eit tap av arter som akselererer i rekordfart. Tapet av naturer ein like stor trussel som klimaendringane. Rapporten viser at me går ei mørk framtid i møte dersom me ikkje gjer store endringar i korleis me forbruker naturressursane. Strandområda innehar viktige naturverdiar og er av nasjonal interesse. Me veit at sjøfuglane slit og stadige utbygging i strandsona forverrar problemet her.

Strandsona er viktig for naturmangfaldet og tap av areal er eit av hovudproblema – medan 9 av 10 søknader om bygging i strandsona vert godkjent med dagens regelverk. Og så vil regjeringa gjere det lettare å bygge i strandsona! Det er vanskelig å forstå og me i Fosen Naturvernforening er sterkt i mot og har sendt inn våre merknader til høyringa. Lova om byggeforbodet i 100- metersbeltet langs sjøen i PBL §1.8 burde bli etterlevd på ein heilt annan måte enn i dag og planretningslinjene burde vorte skjerpa.

Høyringssvaret vårt kan du lese her.

Vindkraft på Fosen

Skjerlona og Lonen i bakgrunnen - slik det en gang var før utbygginga   (Foto: Arne Reitan) Fosen Naturvernforening har i mange år kjempet f...