fredag 31. januar 2020

Kvotejakt gaupe - fem er redda

 Delvis medhald i klage gjer at fem gauper er redda!
Foto: Malene Ulveseth Solland


Første februar startar kvotejakta på den stekt trua gaupe i år igjen. Heile 25 gauper og av dette 9 hogauper kan det jaktast på i vår region. På Fosen kan det takast 3 gauper. Dette er same storleik på kvoten som for 2019. I oktober 2019 vedtok rovviltnemnda i region 6 ei totalkvoten for 2020 for områda som vert omfatta av kvotejakt til 30 gauper, av dette maksimalt 11 vaksne hodyr. Dette betyr altså at vår klage og klagen frå Naturvernforbundet i år fekk delvis medhald og kvoten vart senka med 5 dyr (og 2 hodyr).





Heile 25 gauper lever farleg i vår region i den komande tida
Foto: Malene Ulveseth Solland







Me gler oss over dei fem som slepp unna, men det er tragisk at heile 54 gauper av våre totalt ca. 320 stykk skal måtta bøte med livet i den komande jakta. I vår region gjeld dette altså heile 25 stykk. Me håper i det lengste at dei slepp unna og klarer å lure jegerane.

Vindkraft på Fosen

Skjerlona og Lonen i bakgrunnen - slik det en gang var før utbygginga   (Foto: Arne Reitan) Fosen Naturvernforening har i mange år kjempet f...