søndag 30. desember 2018

Nye naturreservat på Fosen


Utsnitt av kart frå Miljødirektoratet 
Den 14.desember vart to nye naturreservat på Fosen vedtatt av Kongen i stadsråd, nemlig Storlidalen naturreservat og Berga naturreservat i Indre Fosen kommune. I tillegg vart Nordelva naturreservat og Hildremsvatnet naturreservat i Bjugn utvida. Les meir her.

Betre julegåve skal ein leite lenge etter!

Dette er kome i stad gjennom gjennom ordninga med frivillig vern av skog. Frivillig vern av skog går ut på at skogeigar tilbyr skogareal for vern. Dersom området har naturfaglige kvaliteter som tilseier at det kan vernast, og vernemyndigheitene takker ja til tilbodet, kan området bli verna som naturreservat etter naturmangfoldloven § 37.
Dette er ei oljebille frå Berga. Den produserer ei giftig
væske som muligens kan virke mot kreft. Tenk det!
Her kan du lese meir om oljebillene


Me i Fosen Naturvernforening har i fleire år arbeida for at ikkje Berga på Stadsbygd skal verta nedbygd fordi me har vore klar over dei fantastiske naturverdiene dette området har. Difor varmar det ekstra godt at Berga naturreservat no er vedtatt. I Berga naturreservat er det til og med strandlinje som bind saman Berga naturreservat med Rødberget marine verneområde og avstanden til Leinslia naturreservat er heller ikkje stor.


Alle naturreservat har si verneforskrift og formålsparagrafen til Berga naturreservat seier:
«Formålet med naturreservatet er å verne et område som representerer en bestemt type natur i form av eldre gran- og furuskog med mye hassel og rik edelløvskog med alm, ask og hassel.
Det er en målsetting å beholde verneverdiene i mest mulig urørt tilstand, og eventuelt videreutvikle dem».

No skal altså naturverdiene stå i sentrum i desse verna områda. I dei respektive verneforskriftene  kan ein lese kva hensyn ein no må ta ved ferdsel i områda. Her eit døme frå §3 «vernebestemmelsene» for Berga naturreservat:



Vindkraft på Fosen

Skjerlona og Lonen i bakgrunnen - slik det en gang var før utbygginga   (Foto: Arne Reitan) Fosen Naturvernforening har i mange år kjempet f...