Delvis medhald i klage gjer at fem gauper er redda! Foto: Malene Ulveseth Solland |
Første februar startar kvotejakta på den stekt trua gaupe i år igjen. Heile 25 gauper og av dette 9 hogauper kan det jaktast på i vår region. På Fosen kan det takast 3 gauper. Dette er same storleik på kvoten som for 2019. I oktober 2019 vedtok rovviltnemnda i region 6 ei totalkvoten for 2020 for områda som vert omfatta av kvotejakt til 30 gauper, av dette maksimalt 11 vaksne hodyr. Dette betyr altså at vår klage og klagen frå Naturvernforbundet i år fekk delvis medhald og kvoten vart senka med 5 dyr (og 2 hodyr).
- Avgjerelsen til Klima- og miljødepartementet kan du lese her
- Heile klagen vår kan du lese her
- Her er kva regjeringa skriv om saka
Heile 25 gauper lever farleg i vår region i den komande tida Foto: Malene Ulveseth Solland |
Me gler oss over dei fem som slepp unna, men det er tragisk at heile 54 gauper av våre totalt ca. 320 stykk skal måtta bøte med livet i den komande jakta. I vår region gjeld dette altså heile 25 stykk. Me håper i det lengste at dei slepp unna og klarer å lure jegerane.