Staut gaupe på Langedrag vinteren 2019 Foto: Malene Ulveseth Solland |
I oktober
vedtok rovviltnemnda i region 6 kvoter for kvotejakt på gaupe vinteren 2020. For
vinteren 2020 har dei vedtatt å sette totalkvoten for 2020 for områda som vert
omfatta av kvotejakt til 30 gauper, derav maksimalt 11 voksne hodyr. Vinteren
2019 var totalkvoten 25 og maksimalt 9 hodyr. Dette vil altså sei markert
høgare kvoter for kommande vinter. I tillegg opna dei for kvotefri jakt i heile
Møre og Romsdal utanfor forvaltningsområdet, samt i kommunane Oppdal og Røros i
Trøndelag.
Nedgang i gaupebestanden og sjuande året på rad under det nasjonale
bestandsmålet
Ifølge Rovdata det 323 gauper i
landet før kvotejakta i 2019 og før nye unger vart født. Det same talet året
før var ca. 340. Dette er ein nedgang på 5 %. Gaupebestanden ligg for sjuande
året på rad under det nasjonale bestandsmålet. I vinter er det estimert at
det var 55 familiegrupper av gaupe i landet, noko som er ein nedgang på 2,5
familiegrupper frå i fjor.
Rapporten “Bestandsovervåking avgaupe i 2019 “ viser oss at nedgangen gjeld óg når ein ser heile Skandinavia
under eitt (i praksis inkluderer dette Norge og Sverige). I 2019 er det
estimert 257 familiegrupper av gaupe i Skandinavia. Dette er ein nedgang på 5
familiegruppe samanlikna med 2018. Av disse vart 55 familiegrupper registrert i
Norge og 202 familiegrupper registrert i Sverige. Totalt har me ein
bestand på 1512 gauper i Skandinavia. Me har altså ein nedgang på 2,5
familiegrupper både i Norge og Sverige.
Uttaket
av gauper frå bestanden i Norge vinteren 2018/2019 var på 61 individer der 23
var voksne hogauper. Dette tilsvarer ca. 19 % av bestanden. Siden oktober 2018
er det registrert avgang av 26 gauper i region 6 der 10 var voksne hodyr. Når me veit at gaupa er definert som sterkt truet på Norsk Rødliste 2015 er dette
skremmande tall.
Konklusjonen i vår klage i år er:
- Det maksimale en kan ta ut for å holde bestanden på bestandsmålet er 16 gauper, derav 4 hunndyr.
- Ingen kvotefri jakt.
- I hunndyrkvoten inngår hunndyr i alle aldrer og regioner
- Ingen reservekvote. Nytt vedtak her må eventuelt kunne påklages.
- Ingen sammenslåing av delområder etter 1. mars da dette vil slå uheldig ut i forhold til å bevare det genetiske mangfold og levedyktighet. Eventuelt nytt vedtak må kunne påklages.
- Vedtatt kvote for Fosen på 3 dyr må reduseres til 1 stk.
Så håpar me klaga vår vert tatt til følge.