Utsnitt av kart frå Miljødirektoratet |
Den 14.desember vart to nye naturreservat på Fosen
vedtatt av Kongen i stadsråd, nemlig Storlidalen naturreservat og
Berga naturreservat i Indre Fosen kommune. I tillegg vart Nordelva naturreservat
og Hildremsvatnet naturreservat i Bjugn utvida. Les meir her.
Betre julegåve skal ein leite lenge etter!
Dette er kome i stad gjennom gjennom ordninga med frivillig vern av skog. Frivillig vern av skog går ut på at skogeigar tilbyr skogareal
for vern. Dersom området har naturfaglige kvaliteter som tilseier at det kan
vernast, og vernemyndigheitene takker ja til tilbodet, kan området bli verna
som naturreservat etter naturmangfoldloven § 37.
Dette er ei oljebille frå Berga. Den produserer ei giftig væske som muligens kan virke mot kreft. Tenk det! Her kan du lese meir om oljebillene |
Me i Fosen Naturvernforening har i fleire år
arbeida for at ikkje Berga på Stadsbygd skal verta nedbygd fordi me har vore klar over dei
fantastiske naturverdiene dette området har. Difor varmar det ekstra
godt at Berga naturreservat no er vedtatt. I Berga naturreservat er det til og med strandlinje som bind saman Berga
naturreservat med Rødberget marine verneområde og avstanden til Leinslia naturreservat er heller ikkje stor.
«Formålet med
naturreservatet er å verne et område som representerer en bestemt type natur i
form av eldre gran- og furuskog med mye hassel og rik edelløvskog med alm, ask
og hassel.
Det
er en målsetting å beholde verneverdiene i mest mulig urørt tilstand, og
eventuelt videreutvikle dem».
No skal altså naturverdiene stå i sentrum i desse
verna områda. I dei respektive verneforskriftene kan ein lese kva hensyn ein no må ta ved
ferdsel i områda. Her eit døme frå §3 «vernebestemmelsene» for Berga
naturreservat: