søndag 21. januar 2018

NVE avslår søknad om løyve til å byggje Fessdalselva kraftverk

NVE avslår søknaden til Clemens Kraft AS om løyve til å byggje Fessdalselva kraftverk. Dette er
Fessdalselva
svært gode nyheter som det er godt å få ved inngangen til eit nytt år! Det er viktig å ta vare på dei få frie elvar og fossefall me har igjen her i Norge. Hos
SABIMA kan du lese litt meir om vatn og korleis og kvifor vatn og vassdrag er naturtypar under sterkt press og difor er ekstra viktige å ta vare på for framtida.

Etter NVE sitt syn står ikkje dei negative konsekvensane ved ei utbygging av Fessdalselva kraftverk i eit rimelig forhold til ein estimert kraftproduksjon på 9,1 GWh/år.

NVE sin konklusjon: «Etter en helhetsvurdering av planene og de foreliggende uttalelsene mener NVE at ulempene ved bygging av Fessdalselva kraftverk er større enn fordelene. Kravet i vannressursloven § 25 er ikke oppfylt. NVE avslår derfor søknaden om tillatelse til bygging av Fessdalselva kraftverk». 

Her finn de meir informasjon om saka, mellom anna alle høyringsuttalelsene og bakgrunnen for NVE sitt vedtak i saka. Fosen Naturvernforening sin høyringsuttalelse finn du her.

Vindkraft på Fosen

Skjerlona og Lonen i bakgrunnen - slik det en gang var før utbygginga   (Foto: Arne Reitan) Fosen Naturvernforening har i mange år kjempet f...