I
desse dager vert arbeidet med reguleringsplan for veg tvers gjennom Berga på
Stadsbygd sett i gang. Vert vegen bygd som den no er planlagt, vil tunellopninga
bli liggjande midt i Berga, rett ovanfor gapahuken «Uteklasserommet Kystens
Arv». Då vil det ikkje verte mykje igjen av det fine friluftsområdet me er så
glad i, og motorduren vil dominere og ikkje fuglesangen og humlesumminga som i
dag. Vil me verkeleg dette?
Det
store naturmangfoldet i Berga, det rike dyre-, insekt- og plante-livet vil lide
store, uerstattelige tap. Her er observert meir enn 170 fuglearter, og av dei
står meir enn 30 på raudlista over trua dyrearter, og minst 10 av desse hekker
i området. Det verste er at det ikkje er kartlagt kva som eventuelt finst av
andre dyre- og plantearter. Her er mykje elg og rådyr, og faren for kollisjonar
vil verte stor på ein ny veg gjennom dette området. Her kan det ikkje verte
snakk om høge hastigheter. Mange bruker Berga for å oppleve dyr, fugler og
planter. Her burde Rissa kommune sjå på heilheten i området – sjå på
mulighetene området samla har med Rødberget marine verneområde, Museet Kystens
arv, Leinslia naturreservat, gravhauger, gravrøyser og Berga. Ein legg ikkje
noko av det finaste ein har under asfalt!
I
Norge omdisponerte me i 2014 vel 5000 dekar med dyrkbar jord til andre formål. Dette
skjer samtidig med at Norge er eit av dei land i verda som er mest avhengig av
import av landbruksvarer. Vert dette utbyggingsprosjektet gjennomført, vil me
tape mykje kornjord av beste kvalitet. Har me råd til det når det er rekna ut
at det må produserast 60 prosent meir mat innan 2050 for å brødfø den aukande
befolkninga i verda? Vågar me stole på
at andre vil gje oss den maten me treng i framtida, eller bør me ta ansvar
sjølv?
Alle gode argument går sterkt i mot
nedbygging av Berga. Naturmangfold, matjord, kulturminner og friluftsområde vil
bli sterkt berørt dersom prosjektet vert gjennomført. Og prosjektet vert dyrt,
truleg mykje dyrere enn anslått hittil. Dette er eit samfunnsøkonomisk ulønnsomt
prosjekt - det er rett og slett sløsing med samfunnet sine ressurser. Dei «bratte
stigningane» på dagens veg vert brukt som argument for raseringa av Berga.
Korleis kan det argumenterast slik så lenge Skaret vert liggjande som i dag? I
tillegg har ein utfordringane rundt Reinsklosteret. Vegen over Stadsbygd er ikkje
høgast prioritert i transportplan Sør-Trøndelag 2014-23. Fv715 forbi Storvatnet
vert omtalt som «den veistrekningen på og
til Fosen som underbygger flest helhetlige løsninger for hele Fosenområdet»
i transportplanen og er dermed høgast prioritert. I Sør-Trøndelag fylkeskommune
sin «Veistrategi 2016-2030» er
fokuset «Fornye framfor nye» der det vert sagt at oppgradering av eksisterende
vegar bør prioritererast framfor bygging av nye.
Stoppar ein prosjektet, vil
samfunnet spare pengar, og ein vil berge naturmangfold, matjord, kulturminner
og friluftsområde.
Berg Berga!