SABIMA (Samarbeidsrådet for biologisk mangfold) er
ein miljøorganisasjon som jobbar for bevaring av biomangfold. SABIMA er ein paraplyorganisasjon
for dei biologiske foreningene i Norge og har
som formål er å spre biologisk kunnskap i politiske miljø og hos
forvaltningsmyndigheter for å sikre god forvaltning av biomangfoldet.
Frå
venstre: Reidun Braathen, Johan Rein, Sissel Rübberdt,
Ingerid
Angell-Petersen, Even W. Hanssen og Jan Seland
|
Det heile starta med at SABIMA etterlyste eksempel
på om korleis kommunene tar vare på eller øydelegg naturen – dei ville vite
kvar kampen om areala stod rundt om kring i kommunane. Den største årsaka til
at me mister arter raskare enn nokon gong før i menneskehistorien, er tap av
natur – leveområda til artene. I den
forbindelse vart eksempelet om korleis Berga er trua av rasering p.g.a. den nye
veitraséen Rissa kommune og Fosenvegene planlegg langs sjøen på Stadsbygd,
sendt inn.
Rosa hegg vart funne ved Karterberget og ovanfor Vemundstad |
SABIMA syntes denne saka var interessant i
biomangfold-sammenheng og kom med eit tilbud om ein kartleggingstur til området.
Den 1.juni var dagen og me hadde oppmøte ved helleristningsfeltet ved Stykket.
Værmeldingene var ikkje dei beste, men finværet var med oss gjennom heile dagen
– perfekt vær! Turen gjekk så, i grupper
og samla til forskjellige deler av området. Karterberget (der ein eventuell vestre
tunnellopning er skissert) vart besøkt. I tillegg gjekk ei gruppe i området ovanfor
helleristningene på Stykket. Etter lunsj gjekk me i samla flokk ned på Slakken
før ei gruppe avslutta dagen i området ovanfor Vemundstad. Det var mangt å finne og nokre eksemplar vart
tatt med for i ettertid å bestemme arten. Etterkvart vil funna bli registert på artsobservasjoner.
I tillegg vil det bli laga eit notat frå kartleggingsturen. Litt sopp vart
funne sjølv om det var tidleg, men det vart snakka om ny tur til
hausten - i den beste sopptida.
Det var utruleg kjekt å sjå så flinke folk i arbeid!
Tusen takk for at de tok turen og me håpar at dette arbeidet kan hjelpe oss å berge Berga.
Ann Kari Ulveseth
Sigmund Sivertsen |
Thyra Solem |
Nede på Slakken |